Abbedissa er nonne og øvste myndigheit i Benediktiner-klosteret. Ho har ansvaret for novisene, dei unge postulantane som enno ikkje har avlagt klosterløftet, og ho oppmodar Maria til å ta stilling som guvernante, vera sterk og fylje hjarta sitt.
Eir Inderhaug har etablert seg som en av de fremste norske songaren og gjer seg bemerka på operascener rundt om i Europa. Inderhaug har sunge i Morton Feldmans Neither i Dresden og i Krzysztof Pendereckis Devils of Loudon ved Det Kongelige Teater i København. Ho har og gjesta operahus som Bayerische Staatsoper, Theater Bremen og Göteborgsoperan, og har vore fast solist ved operaen i Nürnberg og Deutche Oper am Rhein.
I 2014 vart ho tildelt Kritikerprisen for rollen som Gepopo og Venus i Le grand macabre ved Den Norske Opera & Ballett. I grunngjevinga vart det mellom anna sagt:
«Hennes innsats i en av de mest krevende koloraturroller som finnes i hele operahistorien, er etter min mening helt makeløs. Ikke bare ryster hun oss med en teknikk og fryktløshet i en rolle som nærmest må karakteriseres som «usyngelig». Men scenisk scorer hun også gjennom sin formidable utstråling og en komplett forståelse av et parti der det neppe kan finnes mange på verdensbasis som kan måle seg med hennes prestasjon.»
Inderhaug er og kjent for si tolking av Gudrun i Spelet om Heilage Olav og Solveig i Peer Gynt-spelet på Gålå. Ho hadde og stor suksess med musikkteaterframsyninga Jeg ER Lucia, der ho sjølv stod for idé, manus og musikkval. Framsyninga tok både publikum og kritikara med storm då ho vart sett opp fyrste gong i 2017 ved Kilden opera i Kristiansand, og har sidan blitt spelt på Operaen i Oslo og i Olavshallen i Trondheim.
Bømlo Teater ynskjer Eir varmt velkomen til oss.
Premiere 6. august i Moster Amfi.
Billettar finn du hos her!
Om produksjonen
6.-16. august 2025 vil ein igjen kunne oppleve stort ensemble og eit orkester på 13 mann, i amfiet. Med kjent blanding av profesjonelle og amatørar vil Bømlo Teater framføre ein av dei mest kjende musikalane i verda. For første gong i storstilt uteversjon og med ny nynorsk omsetjing.
Musikalen av Richard Rogers og Oscar Hammerstein vart skriven og framført første gong i 1959 og har etter det blitt sett opp verda over. The Sound of Music vart for alvor kjend gjennom filmatiseringa med Julie Andrews og Christopher Plummer i 1965.
Me skal tilbake til slutten av 1930-talet, og eit uroleg Europa; von Trapp familien treng ei guvernante til sju morlause ungar, og den livlege og songglade novisa Maria, som passar svært dårleg inn i nonneklosteret ho har teke eid i, tek på seg oppgåva. Historia speler ut både det personlege og relasjonelle, og tek òg for seg dei store samfunns-politiske linjene, med nazismen som eit mørkt bakteppe.
Musikken er storslått, med mange kjende og kjære songar som til dømes «Edelweiss», «Do Re Mi» og «Climb Every Mountain».
Kunstnerisk leiing:
Regi: Jostein Kirkeby-Garstad
Musikalsk ansvarleg: Gunvald Ottesen
Koreograf: Gard Hjertaas Bjørnson
Scenografi og kostymedesign: Gjermund Andresen
Omsetjing: Runa Våga Krukhaug
