Jul på Kutoppen!

Årets juleproduksjon er her!

For første gong kan ein oppleve ei heil framsyning med Klara, Mosk og Gaute utanfor Dyreparken i Kristiansand, saman med eit ensemble av born frå Bømlo Teater!

Her blir det kjende figurar, musikk frå Kutoppen, song, dans og ekte julestemning for heile familien.

Framsyningar: 5.–7. desember – Bømlo kulturhus

Billettar finn du på her!

AUDITION!

Me søkjer born og ungdom 7–14 år som vil stå på scena saman med Klara, Mosk og Gaute!

👉 Ca. 15 deltakarar blir vald ut – du må kunne både syngja og dansa.

Audition:

• Dato: Laurdag 18. oktober

• Stad: Bømlo (nærare info etter påmelding)

• Påmelding: audition@bomloteater.no

Send namn, alder og bilete. Etter påmelding får du song, øvingsmateriale og meir info.

Frist for påmelding: 13. oktober 2025