Me fyller Mostradagane med ein storslått konsert! Etter siste framsyning av I slik ei natt kan du bli med oss på ein tidleg sommarkveld i Moster Amfi, der vi presenterer høgdepunkta frå Bømlo Teater sine 30 år med musikalar på repertoaret – framført i vakre omgjevnader !
Du får høyre utdrag frå klassikarar som Les Misérables, Chess, Kristina frå Duvemåla, Jesus Christ Superstar, Miss Saigon og mange fleire.
Over 70 (!!) songarar i koret står på scena og framfører desse perlene saman med solistar – som vi kjem tilbake til!
Kunstnarleg ansvarleg: Runa Våge Krukhaug
Musikalsk ansvarleg: Øystein Lund Olafsen
Dette er one night only – så ikkje nøl med å sikre deg billettar!
Sett av datoen: Laurdag 6. juni 2026 kl. 19:00
Billettar finn du her!