Solist til Musikal! Korkonsert i Moster Amfi

Vi er stolte av å presentere ein av solistane til musikalkonserten i Moster Amfi, Anders Gjønnes!

Anders er ein svært erfaren musikalartist med ei karriere frå nokre av dei største scenene i Norden. Han har mellom anna vore å sjå i Les Misérables, West Side Story, Billy Elliot og Jesus Christ Superstar, og dei siste åra har han gjort stor suksess som Karl Oskar i Kristina från Duvemåla, både på Aust- og Sørlandet, i tillegg til produksjonar på Nationaltheatret.

For publikum på Bømlo er han på ingen måte eit ukjent namn – han har tidlegare medverka som Robert i Kristina från Duvemåla (2021 og 2023) og heilt tilbake til 2009 som John i Miss Saigon.

Dette er ein du verkeleg ikkje vil gå glipp av!

Velkomen tilbake til oss, Anders!


📅 6. juni 2026 kl. 19:00

Det er no få billettar att – sikre deg plass før det er for seint! 

Billettar finn du på Ticketmaster.no