Opplev Mostraspelet “I slik ei natt” i spektakulære omgjevnader i Moster Amfi, 4.-6. juni 2026.
Med Jonas Hoff Oftebro i rolla som Olav Haraldsson og Stig Henrik Hoff som Tore Hund, møter du eit sterkt ensemble saman med over 70 lokale aktørar i ulike aldrar på scena.
Framsyninga tek deg med på ei dramatisk reise gjennom historia – frå vikingtid til kristninga av Noreg – der tru, makt og menneskelege val står i sentrum. Med storslått scenografi og levande musikk blir dette ei forteljing som framleis treff oss i dag.
“I slik ei natt” hadde urpremiere i 2016, og i 2026 markerer framsyninga sitt 10-årsjubileum.
Stykket er skrive av Svein Tindberg, med musikk av Kjetil Bjerkestrand.
Bakgrunn og tematikk
I slik ei natt fokuserer på vikingkongen og legenda Olav Haraldsson, både før, medan og etter at han presenterte kristenretten på Mostratinget i 1024. Denne hendinga for eitt tusen år sidan markerer det store sédskiftet i norsk kultur: overgangen frå norrøn- til katolsk rettspraksis. Framsyninga har ei dramatisk og spanande oppbygning, der handlinga utspeler seg på fleire stader og i ulike årstal. Hovudsetet er på Moster, og elles er me i Greenwich i England, Cádiz i Spania, Rouen i Frankrike og kongsgarden i Borg.










