Musikal! Ein korkonsert i Moster amfi

Bømlo Teater presenterer: Musikal! Ein storslått korkonsert i Moster Amfi 6. juni 2026 Kl. 19.00

Velkomen til ein kraftfull og stemningsfull korkonsert i spektakulære omgjevnader!

Musikal! samlar om lag 70 korsongarar på scena i Moster Amfi og tek publikum med gjennom 30 år med musikalhistorie i Bømlo Teater, med eit variert og engasjerande repertoar. Alle songane blir framførte på nynorsk og orginalspråk.

Kunstnarleg ansvarleg er Runa Våge Krukhaug. Musikalsk ansvarleg er Øystein Lund Olafsen.

Dette blir ein kveld fylt med songglede, musikalminne og sterke augeblikk – framført av eit stort kor i ei av dei vakraste utearenaene i Noreg.