The Sound of Music

Bømlo Teater presenterer ein ny storoppsetjing i Moster Amfi!

Innhald på sida

Om musikalen

6.-16. august 2025 vil ein igjen kunne oppleve stort ensemble og orkester i amfiet. Med kjent blanding av profesjonelle og amatørar vil Bømlo Teater framføre ein av dei mest kjende musikalane i verda. For første gong i storstilt uteversjon og med ny nynorsk omsetjing.

Musikalen av Richard Rogers og Oscar Hammerstein vart skriven og framført første gong i 1959 og har etter det blitt sett opp verda over. The Sound of Music vart for alvor kjend gjennom filmatiseringa med Julie Andrews og Christopher Plummer i 1965.

Me skal tilbake til slutten av 1930-talet, og eit uroleg Europa; von Trapp familien treng ei guvernante til sju morlause ungar, og den livlege og songglade novisa Maria, som passar svært dårleg inn i nonneklosteret ho har teke eid i, tek på seg oppgåva. Historia speler ut både det personlege og relasjonelle, og tek òg for seg dei store samfunns-politiske linjene, med nazismen som eit mørkt bakteppe.

Musikken er storslått, med mange kjende og kjære songar som til dømes «Edelweiss», «Do Re Mi» og «Climb Every Mountain».

Kunstnerisk leiing:

Av:

Richard Rodgers, Oscar Hammerstein II, Howard Lindsay & Russel Crouse

Framsyningsdato:

6. august 2025