Ny leiing i Bømlo Teater

Frå 1. oktober får Bømlo Teater ny leiing då dagleg leiar gjennom åtte år, Øystein Kausrud, går av etter endt åremålsperiode. Teateret vert no organisert på ein ny måte med fleire deltidsstillingar.

Det er eit erfarent og særs kompetent lag som skal leie teateret framover. Laget består av Linda Hellen, Kjell Arne Røksund, Maren Laurhammer Gilje, Nina Sele, Runa Våge Krukhaug og Joachim Medlie Mathiassen. Linda har vore styreleiar sidan 2011 og går no inn i ei rolle som arbeidande styreleiar. Kjell Arne held fram med si stilling som økonomisjef, Maren, Nina og Runa kjem inn på administrasjon, produksjon og kunstnarleg leiing, og Joachim kjem tilbake som teknisk leiar.