Historie

I 2011 fusjonerte tidlegare Bømloteateret og Bømlo Musikallaug og samla lokale teaterkrefter og eldsjeler i Bømlo Teater. Bømloteateret har gjennom 50 år vorte ei viktig inspirasjonskjelde til scenisk aktivitet på mange plan i distriktet vårt.

Dei viktigaste drivkreftene har vore idealisme, eit godt miljø, samarbeid, og sist, men ikkje minst; eit trufast publikum. Samarbeidet med det profesjonelle teatermiljøet i Noreg har òg vore svært inspirerande

Repertoaret har variert frå nisseshow, barne- og familieprogram, til folkekomediar, kabaretar og historiske spel – frå klassiske stykke til eigenprodusert stoff – ofte med utgangspunkt i kystkultur og lokalhistorie.

Sogespelet Kristkongane på Moster har vore framført årleg i Moster Amfi sidan 1984 og fram til 2015. Det har vorte til eit av dei store historiske spela i Noreg og er det nest eldste i landet. I 2016 hadde teateret urpremiere på I slik ei natt, eit nytt sogespel skrive av Svein Tindberg.

Ein sterk tradisjon i musikkteater har gjort Bømlo til ein sentral leverandør av musikalproduksjonar i ei rekkje år. Gjennom større og mindre produksjonar er ønskje å gjere Moster og Bømlo til eit senter for musikalliv, eit ”West-End i Noreg”. Produksjonane blir skapt i tett samarbeid mellom lokale dugnadskrefter og profesjonelle. Drifta er tufta på dugnadsinnsats, og drivkrafta frå ei gruppe nøkkelpersonar som har hatt målet om kunstnarlege opplevingar som einaste honorar. På vegen har ein opparbeidd eit svært kompetent produksjonsapparat.

I 2006 vart ein tildelt Ildsjelprisen for inspirerande innsats innan kulturlivet på vestlandet. Ein slik pris forpliktar, og er ei viktig stadfesting til alle involverte om at arbeidet som blir lagt ned vert lagt merke til.