Ny hovudrolle i Kristina frå Duvemåla

Jannike Kruse er Kristina frå Duvemåla i 2023

I samråd med Christine Guldbrandsen går Bømlo Teater ut med endra hovudrolle i Kristina frå Duvemåla, 2023.

Det er ei gledeleg årsak til endringa – Christine er gravid. Det er semje mellom Christine og Bømlo Teater om at ein intens prøveperiode og ei krevjande framsyning så tett opp mot termin gjer at ein avsluttar det gode samarbeidet, for denne gong. Me ønskjer Christine alt godt!

Me er heldige som har fått ein strålande erstattar i rolla. Jannike Kruse er kjent for dei fleste som ein svært erfaren skodespelar.

Jannike Kruse (f.1975) er utdanna ved Norges Musikkhøgskole, og Teaterhøgskolen i Göteborg/Artisten. Ho har bl.a. gjort rolla som Sonja i «Reisen til Julestjernen» (Nationaltheatret), Annie i «Annie get your gun» (Riksteatret), Nancy Drew i «Den syngende Frøken Detektiv» (Oslo Nye Centralteatret), Serena i «Fame» (Chat Noir), Sheila i «Hair» (Det Norske Teatret), Hodel i «Spellemann på taket» (Oslo Nye Teater). Ho har også gjort fleire tv-seriar (NRK’s «Hjem», TVNorge’s «Nissene på Låven» mfl), filmar («Dianas bryllup», «En ganske snill mann» mfl), NRK Radioteatret ( «Lucifers by», «1984» mfl), gitt norsk stemme til ei rekkje teiknefilmfigurar ( Jasmin (Aladdin), Mulan, Svaneprinsessen og Mary Poppins mfl) og sunge med diverse orkester i inn- og utland, bl.a. Oslo Filharmonien, KORK, Stavanger Symfoniorkester, Marinemusikken, Göteborg Symphonic Band m.fl. Dei siste åra har Jannike spela rolla som Gabriella i «Så som i himmelen» ved Oslo Nye Teater og på turné.

Me ønskjer Jannike velkommen til Bømlo Teater og Moster Amfi 2-12. august 2023!