Musefella

Fire gjester er venta til pensjonatet Monkswell Manor. Dei unge eigarane er urolige for om alt blir klart til gjestene kjem. Ute nærmar den varsla snøstormen seg og politiet melder om ein mordar på frifot.

Agatha Christie sin krimroman «Musefella» er framleis like godt besøkt etter 70 år på plakaten i London, og no skal dette farse-liknande meisterverket og mord-mysteriet til Bømlo. Meir kan me ikkje sei, då tradisjonen er at den som har sett framsyninga aldri nokon gong kan røpa kven mordaren er. Så då er det berre ein måte å finna ut av det på.   

Framsyningar: 
Fredag 18. oktober kl 19:00
Laurdag 19. oktober kl. 19:00
Sundag 20. oktober kl 14:00

Billettar kan du bestille her!