Audition til The Sound of Music

Bømlo Teater  søkjer profesjonelle skodespelarar/musikalartistar og kandidatar under relevant utdanning, til The Sound of Music, sommaren 2025 i Moster Amfi. Prøve – og framsyningsperiode er ca. 7.7 – 16.8.2025 på Bømlo.

Me søkjer til biroller og ensemble.

Me skal til saman har 12 profesjonelle aktørar, som vil bli del av eit stort lokalt ensemble. Regissør er Jostein Kirkeby-Garstad og musikalsk ansvarleg er Gunvald Ottesen. 
Framsyninga blir på nynorsk.

Send kortfatta cv med bilde (maks 2 sider i pdf/wordformat) til:
audition@bomloteater.no
Merk mailen med «Audition The Sound of Music 2025». 

Kontaktopplysingar må liggje på cv. Me vil gjere ei grovsortering og sender invitasjon til audition til dei aktuelle.

Søknadsfrist er 20.11.2025 kl: 12.00. 

Kandidatar som går vidare frå fyrste runde, ynskjer me å sjå i Oslo 24.11.2025.

Nærmare informasjon vil bli gjeven etter fyrste runde. 

Me beklagar den korte fristen, det vil være ein anledning til ein audition på Bømlo tidleg på nyåret om du blir invitert og ikkje har høve til å møte i Oslo.


Eventuelle kostnadar i samband med audition vert ikkje dekka av Bømlo Teater.