The Sound of Music 2025

6.-16. august 2025 vil ein igjen kunne oppleve stort ensemble og orkester i amfiet. Med kjent blanding av profesjonelle og amatørar vil Bømlo Teater framføre ein av dei mest kjende musikalane i verda. For første gong i storstilt uteversjon og med ny nynorsk omsetjing. Dette vert den sjuande musikaltittelen me presenterer, sist etter norgespremieren på Kristina frå Duvemåla i 2021 og 2023.

Musikalen av Richard Rogers og Oscar Hammerstein vart skriven og framført første gong i 1959 og har etter det blitt sett opp verda over. The Sound of Music vart for alvor kjend gjennom filmatiseringa med Julie Andrews og Christopher Plummer i 1965.

Me skal tilbake til slutten av 1930-talet, og eit uroleg Europa; von Trapp familien treng ei guvernante til sju morlause ungar, og den livlege og songglade novisa Maria, som passar svært dårleg inn i nonneklosteret ho har teke eid i, tek på seg oppgåva. Historia speler ut både det personlege og relasjonelle, og tek òg for seg dei store samfunns-politiske linjene, med nazismen som eit mørkt bakteppe.

Musikken er storslått, med mange kjende og kjære songar som til dømes «Edelweiss», «Do Re Mi» og «Climb Every Mountain».

Jostein Kirkeby-Garstad er ein erfaren regissør og har samarbeida med Bømlo Teater ved fleire høve, seinast i Kristina frå Duvemåla. Jostein er til dagleg teatersjef og regissør ved Kristiansand Dyrepark, der han er manusforfattar og konseptutviklar for parken sine versjonar av Hakkebakkeskogen, Sirkus Jesper og KuToppen. Han er ein erfaren teaterregissør som har jobba ved mange av dei store teatera i Noreg. Gunvald Ottesen er musikalsk leiar for produksjonen, han hadde same rolle i Kristina frå Duvemåla. Gunvald Ottesen har lang erfaring som musikar og dirigent. Han har vore engasjert som dirigent for mellom anna Göteborgsoperan, Stavanger symfoniorkester og Norrköping symfoniorkester. Scenografi og kostymedesign vil vere ved Gjermund Andresen, ein av Noregs fremste scenografar og kostymedesignarar. Sidan 2004 har han gjort over 150 produksjonar ved dei fleste teatera i landet.

Billettar kjem i sal gjennom Ticketmaster den 25. november. «Earlybird»-tilbod med 15% rabatt fram til 31.12.24.