André Søfteland

André er ein godt kjent og etablert skodespelar i Noreg og her på vestlandet, og er ein av landets sterkaste songarar. Derfor er det utruleg kjekt for oss å ha han med hos oss i rolla som Karl Oskar, Kristina sin mann. Saman med Kristina skal han leda oss gjennom den fantastiske historia i Kristina frå Duvemåla.

– Eg ser fram til å komma heim att til Bømlo. Det var her det starta for meg med Les Miserablés i 2004, og det var da eg bestemte med for at det er dette eg skal gjera.

André  er utdanna ved Bårdar Akademiet og Guildford School of Acting , og har dei siste åra hatt hovudroller som mellom anna Jean Valjean i Les Miserablés og Anatolij i Chess på Folketeateret, Sivert i Hellemyrsfolket og Tevje i Spelemann på taket ved den Nationale Scene. Tre gongar tidligare har André vitja Bømlo Teater, seinast i 2018 som Che i Evita, og me ser fram til ein ny sommar saman med han i Moster Amfi.