Bisp Grimkjell kom til Moster i 1024 saman med kong Olav Haraldsson. Han deltok i vedtekinga av kristenretten på Mostratinget og var med på å formidle dei nye lovane til folket. Me møter han òg i Borg åtte år tidlegare saman med Olav og Rane, der Grimkjell og Olav driv med våpentrening og Grimkjell gir kongen gode råd.
Desse har spela rolla som Bisp Grimkjell:
- Heine Larsen (2016-2017)
- Magnus Hillesvik Valvatna (2019)
- Heine Larsen (2022,2024)