Espen Hana

Espen skal spela Max i The Sound of Music.
Foto: Henriette Time

Espen Hana er utdanna ved Statens Teaterhøgskole og ein framifrå skodespelar. Han har vore tilknytt Den Nationale Scene i fleire periodar, men er kanskje aller best kjent frå Rogaland Teater. Der har han tolka eit utal roller i ei rekkje framsyningar, blant anna Cabaret, Våken drøm – Vamp i teater, Alle mine søner, Alexander og Jeppe på Bjerget. No er han aktuell i musikalen Matilda, der han spelar den ikoniske rollefiguren Agatha Trunchbull.

Sidan 2019 har han gjort stor suksess med framsyninga Alle fantastiske ting, som har blitt sett opp att fleire gongar etter utselde hus. Denne våren vender han tilbake med nye framsyningar i Kjellerteateret på Rogaland Teater. Framsyninga fekk terningkast 6 av Aftenbladet.

Men Espen er meir enn ein skodespelar – han er òg ein komponist, entertainer og plateartist. Han har hatt sentrale roller i fleire store musikalar, som Les Misérables, Blanke messingen, Chess, Kristina frå Duvemåla og Evita.

For oss har Espen nærmast blitt ein bømling! Sidan 2006 har han vore ein kjær gjest på Moster og medverka i dei fleste storoppsetjingane til Bømlo Teater. Det gler oss stort at han nok ein gong ønskjer å vende tilbake til oss!