Espen Hana

Espen er ein fabelaktig skodespelar kjent frå mange arenaer. I fleire periodar har han vore ved Den Nationale Scene, men best kjenner me han frå Rogaland Teater. Her har han i ei årrekkje gjort eit uttall rollar og framsyningar, og er no aktuell med framsyninga Våken drøm – Vamp i teateret.  Til hausten skal han og Mia Gundersen på turné med framsyninga Endelig sammen igjen!

Espen er også kjent som komponist, entertainer og plateartist, og han har gjort fleire store musikalar som Les Miserablés, Sound of Music, Blanke MessingenChess og Evita. Saman med sonen Frikk Hana vert det no ein ny stormusikal for Espen.

– Me gler oss stor til Kristina frå Duvemåla. Me var begge med i Evita i 2018, og det blir veldig, veldig kjekt å komma tilbake, seier dei.