Forfattaren

Då arbeidet med planlegginga av «Kristkongane på Moster» tok til, laut ein først finna ein forfattar som kunne koma med eit framlegg til manuskript. Mange sunnhordlandsforfattarar vart føreslegne, men ein enda til sist opp med tysnesingen Johannes Heggland. Dette har seinare vist seg å vera eit særs godt val. Målføre og forteljarmåte høver særs godt.

Johannes Heggland vart fødd på Tysnes i 1919 og døydde i januar 2008, 89 år gammal. Han markerte seg som ein av våre fremste og mest produktive forfattarar. Han skreiv ei lang rekkje romanar og forteljingar, og har nådd fram til eit stort publikum med romanseriane «Brødet frå havet», «Seglet og vinden» og ikkje minst med serien om Karjana, som vart avslutta med boka «Det stutte livet» i 1992. Heggland var produktiv like til sin død. Til jul 2007 gav han såleis ut ei bok om Tysnesdialekten.

Heggland skreiv manus til fleire kjende sogespel i tillegg til «Kristkongane på Moster», m.a. «Håkonar-spela», fem spel som handlar om livet og gjerninga til Håkon den Gode. Desse hadde urpremiere på fire stader langs Vestlandskysten i august 1997.

Svært få kan fortelja slik som Johannes Heggland, og knapt nokon har skildra folk og lynne frå våre kantar slik som han.