Janne har gjesta Bømlo Teater tidlegare, då ho var med oss i ensemblet i 2021, blant annet som Inga Lena, kona til Danjel.
Janne er utdanna ved Bårdar Akademiets musikkteaterlinje, og har allsidig sceneerfaring. Seinast har ho hatt rolla som Maria Theresa i suksessen «Sister Act», som har gått på Chateau Neuf i haust og vidare inn i 2023. No i mars skal dei på turné med forestillinga til Kilden teater og konserthus.
Ho har tidlegare vore på turné for Riksteatret med «Folk og røvere i Kardemomme By», medverka i fleire produksjonar for Prøysenhuset og for 2Entertain Norge, på båtane Color Fantasy og Color Magic. Janne jobbar for kompaniet Underholdningsvogna, som turnerar med framsyningane «På en grønmalt benk i haven» og «Nylonstrømpa – da mor ble sexy!» for Teater Ibsen.
Foto: Mikkel Gythfeldt