Jannike Kruse er kjent for dei fleste som ein svært erfaren skodespelar.
Jannike Kruse (f.1975) er utdanna ved Norges Musikkhøgskole, og Teaterhøgskolen i Göteborg/Artisten. Ho har bl.a. gjort rolla som Sonja i «Reisen til Julestjernen» (Nationaltheatret), Annie i «Annie get your gun» (Riksteatret), Nancy Drew i «Den syngende Frøken Detektiv» (Oslo Nye Centralteatret), Serena i «Fame» (Chat Noir), Sheila i «Hair» (Det Norske Teatret), Hodel i «Spellemann på taket» (Oslo Nye Teater). Ho har også gjort fleire tv-seriar (NRK’s «Hjem», TVNorge’s «Nissene på Låven» mfl), filmar («Dianas bryllup», «En ganske snill mann» mfl), NRK Radioteatret ( «Lucifers by», «1984» mfl), gitt norsk stemme til ei rekkje teiknefilmfigurar ( Jasmin (Aladdin), Mulan, Svaneprinsessen og Mary Poppins mfl) og sunge med diverse orkester i inn- og utland, bl.a. Oslo Filharmonien, KORK, Stavanger Symfoniorkester, Marinemusikken, Göteborg Symphonic Band m.fl.
Dei siste åra har Jannike spela rolla som Gabriella i «Så som i himmelen» ved Oslo Nye Teater og på turné.
Foto: Charlotte Brænna