Det var Olav Haraldsson som fullenda verket med Kristenretten, landslovane som var tufta på kristne reglar og ordningar slik dei hadde det i England. Dette skjedde etter at kong Olav Tryggvason starta kristninga av Noreg i 995, og Håkon den Gode prøvde seg allereie tidleg på 900-talet. Grunntankane og utforminga av lovene var det Grimkjell, den lærde engelske bispen åt kong Olav Haraldsson som stod bak. Kristenretten vart fyrst opplesen her i landet på Mostratinget i 1024. Seinar vart lovene vedtekne på alle lagtinga i heile Noregsveldet.
Desse har spela rolla som Kong Olav Haraldsson:
- Sverre Røssummoen (1984)
- Randolf Walderhaug (1985)
- Henning Rivedal (1986)
- Sverre Røssummoen (1987, 1993-1996)
- Oddbjørn Hesjevoll (1988-1990)
- Bentein Baardsen(1991)
- Frode Rasmussen (1992)
- Stein Arild Espeland (1997)
- Svein Tindberg (1998-1999)
- Johannes Hjelland (2000-2004)
- Svein Tindberg (2005-2008)
- Torleif Stokke (2009-2015)