Jubileumsforestillinga «I slik ei natt»

Jubileumsforestillingen er ein del av Jubileumsveka på Moster i 2024. Framsyningar blir 30. mai og 2. juni (UTSELD).

«I slik ei natt er» skrive av Svein Tindberg. Han er ein av Noregs fremste skodespelarar og tekstformidlarar og var i fleire år skodespelar og regissør for sogespelet Kristkongane på Moster. Bror hans, Ivar Tindberg, hadde regi på spelet då det hadde urpremiere 27. mai 2016 i Moster Amfi.

Kjetil Bjerkestrand er ein av Noregs mest renommerte komponistar av film- og teatermusikk og komponerer musikken til det nye sogespelet. På scena står omlag 80 av Bømlo Teater sine eigne skodespelarar, styrka av nokre profesjonelle aktørar.

I slik ei natt skildrar Olav Haraldsson sitt liv og reise før han kom til Moster og sette kristenretten i 1024. Me følgjer det unge kongsemnet, etterkomar etter Harald Hårfagre, gjennom dei føregåande opplevingane som endrar han frå ein nådelaus viking og drapsmann til den kristne legenda seinare kjent som Olav Digre, Heilag Olav og Rex perpetuus Norvegiae, Noregs evige konge.

Handlinga føregår på Moster, i England, i Frankrike, ombord på skipa, i Cádiz og på kongsgarden i Borg. Me møter eit rikt persongalleri og Tindberg har på meisterleg vis fletta vågal humor saman med grunning over eksistensielle spørsmål om tru, liv og død. Problemstillingane er gjort like relevante for menneske i dag som den gong, anten det gjeld tru eller menneskeverd.
Svein Tindberg har funne ein moderne veg inn i eit slags mysteriespel som blir styrka av Bjerkestrand sin musikk, i og det visuelle uttrykket til scenograf og kostymedesignar Gjermund Andresen.

Urpremiera til I slik ei natt var ein del av Festspillene i Bergen (FiB) i 2016.

Om lag åtti skodespelarar vil stå på scena i denne storslåtte framsyninga