Fire gjester er venta til pensjonatet Monkswell Manor. Dei unge eigarane er urolige for om alt blir klart til gjestene kjem. Ute nærmar den varsla snøstormen seg og politiet melder om ein mordar på frifot.
Agatha Christie sin krimroman «Musefella» er framleis like godt besøkt etter 70 år på plakaten i London, og no skal dette farse-liknande meisterverket og mord-mysteriet til Haugesund. Meir kan me ikkje sei, då tradisjonen er at den som har sett framsyninga aldri nokon gong kan røpa kven mordaren er. Så då er det berre ein måte å finna ut av det på.