Begravelse av ein Bitch

Bømlo Teater presenterar «Begravelse av ein Bitch» som er eit DUS-prosjekt!

Innhald på sida

Denne vinteren har åtte ungdommar jobba saman for å utvikle framsyninga Begravelse av ein Bitch. Dei har vore med på store delar av prosessen sjølve – med god hjelp og rettleiing frå Hilde Hoff Andersen!

Plakaten? Den er det ein av ungdommane som har laga sjølv! 

No er dei klare for å vise resultatet – to framsyningar i blackboxen i Kulturhuset, før dei reiser til Bergen for å delta på DUS-festivalen!

Billettar får du kjøpt i døra (ca. 50 plassar)

Men kva er eigentleg DUS?

DUS – Den unge scenen er eit nasjonalt prosjekt som løftar ungdomsteater i Noreg. Her lagar ungdom i alderen 13 til 19 år eigne framsyningar basert på nyskrivne tekstar, laga spesielt for dei.

I år jobbar våre ungdomar med teksten Begravelse av en Bitch av Julie Bjørnebye.

Desse står på scena i DUS framsyninga «Begravelse av ein bitch»

Mary Helen Eidsvåg

Vanja S. Furdal

Hannah Stokkenes- Jenkins

Jonas Karoliussen

Lea Meling

Malene Jacobine Tveita

Adrian Tveita- Larsen

Helena Anthun

Av:

Julie Bjørnebye

Framsyningsdato:

23. april 2025