Brytningstid

Bømlo Teater presenterer ein danseforestilling 27.-29. mars 2008 i Bømlo Kulturhus!

Innhald på sida

Om Brytningstid

Det musikalske verket Brytningstid var eit tingingsverk til Tusenårsjubileet, Kyrkja i Noreg 1000 år, i 1995. Musikken er skriven av Kenneth Sivertsen, Nils Petter Molvær og Paolo Vinaccia, og det visuelle utrykket vart skapt av Carte Blanche. Balletten vart refusert den gongen, men vart framført under Festspela i Bergen i 1997. Opphaveleg skildra førestillinga kampen om sjelene, på liv og død, mellom kristen og norrøn tru. Då me tok rak i musikken, måtte me rett og slett tenkje heilt nytt i høve til innhald. Me tok for oss hovedtittelen og undertittlane i komposisjonen og laga vår eiga historie og tolkning.

Gjennom ulike stemninger fylgjer me eit menneske eit stykke på veg gjennom livet. Frå dei første steg, gjennom ungdom og det den tida inneber av påvirkning og utprøving, til ein tilstand av ragnarok der mennesket til slutt må ta eit val i forhold til tidlegare erfaringar og vegen vidare. Mennesket både klamrer og freistar å lure seg unna bagasjen sin. Våg Brytningstid er ei universell historie om korleis livet går i sirkel, og kor enkle, men komplekse me menneske er. Men har alle våre brytningstider.

Ensemble:

Øystein Kausrud

Maja Grythe

Magdalena From Delis

Marit Loe Bjørnstad

Miguel Ángel Fernandez

Finn M. Daynes

Malene Celius Enoksen

Helga Marie Halleraker

Sinder Postholm

Melker Sörensen

Margrete Lund Skorpen

Knut Gjelle Angell

Lisa Landvik

Åsne Helland Sortland

Alina Hystad

Rebekka Gåsland Håvik

Kunstnerisk leiing

Regi: Nina Meldahl Olsen

Koreografi: Hilde Hoff Andersen

Lys: Joakim Foldøy

Lyd: Knut Erik Laurhammar Gilje

Kostyme: Janne Robberstad

Maske: Cecilia R. Thormodsæter

Scenografi: Mike McGurk

Tekstarbeidar: Hanne Jacobsen, Hilde Hoff Andersen, Nina Meldahl Olsen, Linda Hellen og Runa Våge Krukhaug.

Av:

Kenneth Sivertsen, Nils Petter Molvær og Paolo Vinaccia

Framsyningsdato:

17. mars 2008