Chess

Bømlo Teater presenterer Noregspremieren på Chess, i Moster Amfi 3.-13. august 2006!

Innhald på sida

Noregspremiere på Chess i Moster Amfi 3. august 2006, i samarbeid med Haugesund Teater. Chess vart oversett til nynorsk av Birgit Amalie Nilssen, Runa Våge Krukhaug og Britt-Synnøve Johansen.

Ensemble

Anatoly: Rein Alexander

Florence: Lisa Stokke

Frederick: Heine Totland

Svetlana: Elisabeth Moberg

Molokov: Ståle Ytterli

Domaren: Espen Hana

Walter: Sigurd Sele

Kunstnarisk leiing

Regissør: Birgit Amalie Nilssen

Musikalsk leiar: Eivind Gullberg Jensen

Koreograf: Jostein Kirkeby-Garstad

Scenografi: Bjørn Feltens, Finn Bakke, Birgit Amalie Nilssen og Joakim Foldøy.

Koransvarleg: Elin Hestenes

Lysdesign: Joakim Foldøy

Lyddesign: Lasse Eriksen

Kostymedesign: Janne Robbestad

Maske: May Elisabeth Sele Larsen

Utdrag frå produksjonen

I Know Him so Well – Chess

Nobody’s Side – Chess

One Night in Bangkok – Chess

Mountain Duet – Chess

Anthem – Chess

Pity the Child – Chess

Someone Else’s Story – Chess

The Soviet Machine – Chess

Finale – Chess

Om musikalen

Historia er eit romantisk firkantdrama som utspelar seg rundt verdsmeisterskapet i sjakk under Den kalde krigen. Hovudmotstandarane i turneringa er amerikaneren Freddy Tumper og russaren Anatoly Sergievsky. Handlinga tilspisser seg då Trumper sin andrespelar og elskerinne Florence Vassy forelsker seg i gifte Sergievsky. Både sjakkspelet og kjærleiksspelet blir etterkvart ein del av eit større politisk spel. Men alle brikkene, både dei personleg motiverte, dei politiske motiverte og motsetnaden mellom aust og vest, blir igjen styrt av den største spelaren av dei alle: media. Karakterane og handlinga er fiktive, men inspirert av sjakkspelarane Victor Korchnoi og Bobby Fischer og verdsmeisterskapen mellom Korchnoi og Anatoly Karpov i 1978. Det var tekstforfatteren Tim Rice som i 1980 fekk ideen til musikalen Chess. To år seinare gjekk han saman med dei to svenske komponistane Björn Ulvaeus og Benny Andersson, mest kjende som medlemmer av popgruppa ABBA, for å setje ideen ut i live. Før musikalen nokon gong hadde vore gjort scenisk, vart det i 1984 gjort ein symfonisk innspeling i London. Fleire av nummer vart raskt populære og «One Night in Bangkok» og «I know him so well» låg som nr. 1 på hitlistene veke etter veke i Storbritannia.

Chess hadde urpremiere på West End i London i 1986. Musikalen vart sett opp på Broadway i New York i 1988 og har sida blitt spela over heile verda i ei rekke ulike versjonar. Fyrste gong Chess vart omsett fra orginalspråket til eit anna språk var då musikalen vart oppført på svensk i komponistane sitt heimland i 2002. Når musikalen blei omsett til norsk i 2006, var det til det fyrste språket ut over tekstforfattaren og komponistane sine morsmål.

Av:

Benny Andersson/Tim Rice/Bjorn Ulvaeus

Framsyningsdato:

3. august 2006