For fyrste gong vil Evita bli satt opp i fullversjon på ei utescene i Noreg. Framsyninga er skriven av Andrew Lloyd Webber og Tim Rice og går inn i rekkja av verdskjende musikalar som Bømlo Teater har gjort så langt: Jesus Christ Superstar, Les Misérables, Chess, Miss Saigon og West Side Story, sistnemde i 2014. På rollelista står blant anna Lisa Stokke som Evita, André Søfteland som Che og Espen Hana som Juan Perón. I tillegg er det eit ensemble på 55, både profesjonelle og amatørar.
Musikalen skildrar livet til fattigjenta som enda opp som ikonet Evita. Maria Eva Duarte er betre kjent som Eva Perón og er sjølv i dag, 65 år etter sin død, hylla som ein helgen i heimlandet Argentina. Som 27-åring gifta ho seg med den komande president Juan Perón og vart ei av verdas mektigaste kvinner, og sett på som landet sin åndelege leiar. Ho var forakta av overklassen men forguda av folket. Evita kjempa for kvinners stemmerett og for dei fattige, som såg henne som ein helgen allereie før ho døydde, berre 33 år gamal. Det brennande engasjementet ho synte, politiske metodar ho nytta og viljen til makt i kombinasjon med hennar skjønnheit har gjort ho til ei legende.
Musikalen er gjennomkomponert og inneheld kjende songar som mellom anna Don´t Cry for Me Argentina, Another Suitcase in Another Hall, High Flying Adored, Buenos Aires og Oh What a Circus. Bømlo Teater si framføring vert gjort på nynorsk.
Som i tidligare musikalar vil det vera full orkesterbesetning. På scena vil ein sjå eit stort ensemble med ei blanding av profesjonelle og amatørar. Me har stor lokal forankring blant dei involverte.
Me gleder oss til å laga ein ny storslått musikal i Moster Amfi 8.-18 august. Me ynskjer publikum hjarteleg velkommen til ei magisk oppleving i august 2018!
Presseomtaler
Me har hatt fleire besøk av pressa i samband med Evita som har premiere 8. august i Moster Amfi. Les nokre av omtalane her.
Bømlo Nytt:
Ei ny og annleis Evita (Open)
Kostymefabrikken i Tollhagen (Abo)
Lisa Stokke tilbake i Moster Amfi (Abo)
Sunnhordland:
Lisa Stokke: Klar for si største rolle (Abo)
Tv Haugaland
Lisa Stokke klar for Evita (Open)
Følg oss på facebook, instagram
Billettar: ticketmaster.no. Kan og kjøpast i billettluka i Moster Amfi frå kl 18.00 alle framsyningsdagar.
Lokal ensemble
Her er deler av det lokale ensemblet som skal være med i Evita:
På bildet: Marlene Søvik, Janne Nerheim, Sofie Bjelland, Astrid Ersland Sandvik, Eldbjørg Våge Krukhaug, Gudrun Skopje Sjøen, Magnus Hillesvik Valvatna, Gunhild Aadland Rolfsnes, Jane Jünger. Ved pianoet: Tone Synneve Myklebust og Irene Simonsen, korinstruksjon og repetitørar.
Dei som ikkje er på bilde: Emma Rolfsnes Sele, Eirin Nordvik, Vilde Stokke, Heine Hillesvik Valvatna, Geir Olav Rød, Frikk Hana, Olena Jünger, Johanne Rolfsnes, Mathilde Wiik, Elena Nerheim, Johanne Rolfsnes, Ylva Våge Bjørklund, Kajsa Røksund, Nora Eline Schive, Emma Johannessen Tolås, Karia Hannah Grønstøl, Eva Martens.
Besøkande ensemble
Her er det besøkande ensemble til Evita. I tillegg til Lisa Stokke, André Søfteland og Espen Hana og det lokale ensemblet, kjem det 15 erfarne musikalartistar frå blant anna Stord, Haugesund, Oslo og Stavanger. Bømlo Teater ynskjer dei hjarteleg velkomne!
Kunstnarisk leiing
Dette er den kunstnariske leiinga for Evita. Det er eit særs godt lag me har gleda av å jobba saman med fram mot premiere 8. august.