Forviklingar i mørkret

Bømlo Teater viser komedien Forviklingar i mørkret i Bømlo Kulturhus 28.- 30. oktober 2016.

Innhald på sida

Dette er ein herleg forviklingskomedie skrive av Peter Shaffer. Handlinga føregår i London på slutten av 1960 talet. 

Den unge, fattige kunstnaren Brindsley Miller har invitert ein millionær og kunstsamlar til å sjå på verka hans, i håp om at han vil kjøpa noko. For å gjera eit godt inntrykk, tjuvlåner han møblar og innbu frå naboleilegheita. Alt ser ut til å gå etter planen, men så går plutseleg lyset – og alt ender i forviklingar – og det som kan gå gale, går gale.  

I Forviklingar i mørkret får me servert ein farse som inneheld alt me forventar frå sjangeren, og kanskje litt til? 

På scena: Geir Ersland, Jenny Larsen, Finn Daynes, Rannveig Steinsbø, Per Arne Moldøen, Marianne Grønnevik, Frode Steinsland og Ole Kristian Grindheim.

Regi: Nina Sele

Scenografi: Janne Robbestad

Lys: Axel Sundbotten

Av:

Peter Shaffer

Framsyningsdato:

28. oktober 2016