Jesus Christ Superstar

Bømlo Teater presenterer Jesus Christ Superstar, i Moster Amfi 13.-15. august 1999 og 22. – 26. august 2001.

Innhald på sida

Bømlo Teater (da Bømlo Musikal laug) satt opp Jesus Christ Superstar i Moster Amfi august 1999 og 2001 med 100 aktørar på scenen og 20 i orkesteret.

Oppsetjinga i 1999 var starten på Bømlo Musikal Laug. Seinare slo BML seg saman med Bømloteateret, som blei Bømlo Teater i 2011.

På veg heim fra Oslo Spektrum, der dei hadde sett rockemusikalen «Jesus Christ Superstar», fekk Maren Laurhammer Gilje og søskenparet Sigurd og Nina Sele sin store ide. – Dette kan me klara like bra sjølv, og Moster Amfi er den perfekte staden å setja opp musikalen. For første gong i Norge på 10 år, og med urpremiere på ei utescene, blir denne historiske musikalen sett opp i fullversjon i Moster Amfi på Bømlo!

-Bømlo Musikal Laug 1999

Ensemble

Jesus: Heine Totland

Judas: Sigurd Sele

Pontius Pilatus: Reza Aghamir (1999), Frank Robert Andreassen (2001)

Maria: Elin Kristine Hestenes

Peter: Svein Stavland (1999), Knut B. Paulsen (2001)

Herodes: Finn M. Daynes

Annas: Helge Anglevik (1999), Øystein Kausrud (2001)

Simon: Arvid Mikkelsen

Kaifas: Joacim Simonsen

Kunstnarisk leiing

Regissør: Arild Støfring (1999), Birgit Amalie Nilssen (2001)

Dirigent: Erling J. Myrseth (1999), Hans Gunnar Skreslett (2001)

Koreograf: Hilde Hoff Andersen (1999), Ida Sortland (2001)

Kostymedesign: Janne Robbestad

Scenografi: Irene S. Grasdal, Rosmari Blåsternes og Trygve Haldorsen.

Maske: May Elisabeth Sele Larsen

Utdrag frå produksjonen

Om musikalen

Tim Rice og Andrew Lloyd Webber skreiv i 1968 musikalen «Joseph and the amazing Technicolor Dreamcoat». Dette er ein musikal som henta storyen sin frå det gamle testamentet, om Josef og brødrene hans. Lloyd Webber og Rice fann tema fra Bibelen interessant, og fann ut at forteljinga om Jesus sine siste dagar var «ei knakande god forteljing».

I desember 1969 laga dei ei skisse over handlinga, og alt sommaren 1970 kunne dei gje ut dobbeltalbumet «Jesus Christ Superstar» lansert som ein rockeopera.

Albumet gjekk rett til topps på hitlistene i USA. Det fekk ikke same mottakinga i England. Allereie 12.oktober 1971 hadde ein scenisk oppsetting av JCS premiere i New York. Oppsetjinga provoserte mange og skapte stor debatt. Mange kyrkjeleiarar fann det krenkande at Jesus vart framstilt som ei popstjerne. I mange leirar gav dette musikalen ekstra publisitet.

Først i august 1972 hadde musikalen premiere i London. Den vart teke av plakaten først etter åtte år, etter 3 358 framsyningar.

Av:

Tim Rice og Andrew Lloyd Webber

Framsyningsdato:

13. august 1999