I januar 1975 var vi i gang med leseprøvar, og øvinga med å skapa rollene som Bakaren, Handelsmennene Vika og Enoksen. Stykket hadde krangelen om eit nytt fergeleie i kommunen som stridseple, og ellers dei rette ingridiensane til ein folkekomedie. Stykket gjorde stor lykke, står det å lesa i Bømlo-nytt frå den gongen, og vi siterer vidare: «Latteren sto høgt i taket store deler av tida, og ellers høyrde vi heile tida humring frå salen». Vi gjesta Stord Verft med stykket, og sleit oss skeive på blytunge kulisser. Men da va skøy… Totalt hadde vi 8 framsyningar.