Bømlo Teater (da Bømlo Musikal Laug) feira 10 år som produksjonsselskap med Noregspremieren på Miss Saigon med eit ensemble på 55 personar og 23 i orkesteret. Miss Saigon vart oversett til nynorsk av Runa Våge Krukhaug.
Ensemble
Engineer: Sigurd Sele
Kim: Karen Bernardino
Chris: Rune Svendsen
John: Anders Gjønnes
Ellen: Jannicke Irwin Abrahamsen
Thuy: Bjørn Håvard Bjørklund
Gigi: Tonje Bakken
Kunstnarisk leiing
Regissør/koreografi: Lisa Kent
Musikalsk leiar/Dirigent: Bjørn Sagstad
Scenograf: Sunniva Bodvin
Lysdesign: Joakim Foldøy
Lyddesign: Lasse Eriksen
Kostymedesign: Janne Robbestad
Maskedesign: Anne Signe I. Kallevik
Omsett til norsk: Runa Våge Krukhaug
Utdrag fra produksjonen
The Morning Of The Dragon – Miss Saigon
The American Dream – Miss Saigon
Historikk
Vietnamkrigen fann stad fra siste halvdel av 1950-tallet til 1975. Krigen starta då Nord-Vietnam infiltrerte og etter kvart invaderte Sør-Vietnam for å samla det under kommunistisk styre. USA frykta at dette kunne føre til ei spreiing av kommunismen over heile Søraust-Asia, særleg på bakgrunn av den politiske uroa i mellom anna Indonesia, der kommunistane hadde stor framgang. USA involverte seg derfor etter kvart sterkt på Sør-Vietnamesisk side. Krigen spreidde seg i ein periode til både Nord-Vietnam i form av utstrekt amerikansk bombing, og til grenseområda inne i Laos og Kambodsja, der sør-vietnamesiske styrker, med amerikansk luftstøtte, angreip dei nord-vietnamesiske forsyningslinjene. Krigen førte til anslagsvis 5 millionar døde og skadde. 3 millionar av dei var sivile.
Bakgrunn for musikalen
Musikalen Miss Saigon er basert på boka Madam Chrysantheme og på ulike versjonar av Giacomo Puccini sin opera Madame Butterfly. Den avgjerande inspirasjonen til å skrive denne musikalen fekk forfattarane Alain Boublil og Claude-Michel Schönberg fra eit hjarteskjerande fotografi i eit tidsskrift. Fotografiet viser ei fortvila vietnamesisk mor som avleverer barnet sitt i avgangshallen på Tan Son Natt Airport. Barnet skal reise til faren sin – ein eks-soldat – i USA, der føresetnadane for å gje barnet ei framtid er større enn det mora sjølv kan tilby. Schönberg vart svært rørt av biletet og denna desperate handlinga, som Schönberg sjølv kalla «det ultimate offer». Det er dette som er hovedideen i handlinga.