Søndag no igjen!

Bømloteateret presenterer ein framsyning!

Innhald på sida

Kjære publikum!

Åra går,- og det er ingen kunst å bli både 70 og 80 år,- berre ein lever lenge nok.

Ein ting er sikkert: Åra og dagane endrar oss. Visdomen og røynsle set sine synlege merke.

Kanskje blir vi fysisk skrøpelige. Kanskje gløymer vi lettare.

Men menneskeverdet er ikkje diktert av ytre endringar. Heller ikkje den gode replikken – glimt i auga – humoren. Kanskje er det mest opp til oss sjølve kva slags alderdom vi skal få?

«Er det du som er heldig, gamle Monsen, eller er det meg?» spør herr Fylling seg sjølv på scenen i kveld.

Mykje trur eg er vunne for oss alle dersom vi kunne ha evne og vilje til å svare som han: «Meg, visst er det meg!»

På scenen i kveld er det faktisk: Søndag, no igjen!

– Ragnhild Randal, regissør

På scenen:

Jakob Fylling: Johannes Hjelland

Søster Lind: Jane Vika

Fru Monsen: Reidun T. Hamre

Jonas Grønmo: Johan Kr. Nesse

Karin, dotter til Fylling: Berit Steinsland

Per, mannen til Karin: Steinar Halleraker

Av:

Bob Larbey

Framsyningsdato:

1990