Splint

Bømloteateret presenterer ei framsyning!

Innhald på sida

Kjære publikum:

Norvald Tveit såg splintebåtane frå si eiga barndoms stove, slik også eg gjorde det. I all ettertid har mange av oss «grublisert» over lagnaden til desse utstøytte menneska.

Norvald Tveit skriv ramsalt om splinten, eller dei reisande. Og eg kjenner dei att i vestlandsdiktaren sitt realistiske ordvalg.

I kveld vil teateret, og eg som instruktør, gi av våre tolkningar, inntrykk og innlevinga til deg som vår teatergjest.

Eg veit ikkje om splinten eksisterer lenger, men ein gong var dei ein del av vår vestlandske kystmiljø. Kan hende er dei borte, og ein kultur er død.

Men i kveld vener, vil eg gjerne at de kan leve opp att eller møte for første gang, – «Splint».

– Ragnhild Randal, regissør

På scenen:

Paulus Alexander, sjefen: Finn M. Daynes

Anna, kona hans: Reidun T. Hamre

Hilda, dotter: Jane Vika

Mona, dotter: Margunn Stokkenes

Paula, dotter: Nina Meldal Olsen

Alexander Napoleon, son: Øystein Stølen

Hannibal Cæsar, son: Øystein Grønnevik

Oneidina, svigerdotter: Karen Aksdal

Lars Bøvik, bonde og laksefiskar: Johan Kr. Nesse

Carl Johan, kjæresten til Paula: Dag Bøthun

Gurine, tanta til Lars: Berit Steinsland

Sokneprest Thomas Søderstrøm: Knut Martens

Ludvik i Pollane, småbonde: Kjell Olav Skaret

Gabriel Staurstø, lærar og klokker: Steinar Halleraker

Av:

Norvald Tveit

Framsyningsdato:

1996