Vandreteater på Vetahaugen

Innhald på sida

3. juni 2023 kl 11.00 og 14.30 ved inngongen til Moster Amfi.

Korleis var det å leve på Moster etter kristninga av Noreg? Ein generasjon er gått sidan Olav Haraldsson vitja Moster og kristenretten vart satt. I dette vandreteateret møter vi folket som bur på Moster no. Vi får sjå korleis den yngre generasjonen som har vakse opp med nyetrua og den eldre generasjonen, som hugsar tida før, finn seg til rette og lev kvardagsliva sine og vi får høyre sagn og myter og kva dei tenkjer på.

Dette er ei familieframsyning. Vi føl forestillinga frå inngangen til Moster Amfi over Vetahaugen og til Moster gamle kyrkje. Forestillinga varer om lag 45 minutt.

Produksjon av Bømlo Teater, i samarbeid med Moster Amfi og Moster 2024.

Billettar: https://billetto.no/e/vandreteater-pa-vetahaugen-billetter-832937?utm_source=Billetto&utm_medium=Search&utm_campaign=Browse&utm_content=NO+Instant+Search

Framsyningsdato:

3. juni