Tore Hund var ein av dei største hovdingane i Hålogaland. Han hadde gard på Bjarkøy i dagens Troms fylke og var kong Olav Haraldsson sin lendmann i nord, men forholdet mellom dei surna og seinare var Tore Hund ein av leiarane i opprøret mot kongen. Opprøret kom blant anna av at kongen nekta folket i Hålogaland korn fordi dei brukte kornet til bloting. Då Asbjørn, nevøen til både Tore Hund og Erling Skjalgsson, reiste sørover for å kjøpe korn vart han stansa av Olavs mann på Avaldsnes, Tore Sel. Dei tok frå Asbjørn kornet og gjorde narr av han, og som hemn tok Asbjørn livet av Tore Sel. Som straff – forhandla mellom kongen og Erling Skjalgsson – skulle Asbjørn reise heim til nord og hente det han trong, før han skulle kome tilbake og verte Olav Haraldsson sin mann. Asbjørn kom aldri tilbake og kongen fekk difor nokre av sine menn i nord til å drepe Asbjørn. Det er denne handlinga som gjer at Tore Hund set seg som mål å drepe kongen.
Desse har spela rolla som Tore Hund:
- Svein Tindberg (2016-2017, 2019)
- Hallvard Holmen (2022)
- Håkon Kvarven Paulsen (2024)