Kristina 23 – Gard Hjertaas Bjørnson og Anette Stokke

Gard Hjertaas Bjørnson og Anette Stokke er tilbake i Kristina frå Duvemåla!

I nypremieren til Kristina frå Duvemåla i Moster Amfi får me igjen gleda av å få oppleve dansarane Gard Hjertaas Bjørnson og Anette Stokke. Gard sin vakre koreografi forsterkar handlinga og gjev eit vakkert visuelt uttrykk. Me er svært glade for å ha med desse fabelaktige kunstnarane også denne gong!

Gard Hjertaas Bjørnson har si utdanning fra KHiO, ein bachelor i Jazz og PPU. Han jobbar som utøvande- og medskapande og som pedagog- og koreograf. Han har jobba allsidig, med musikal, TV-produksjonar, koreograf og institusjonar/det frie feltet. For å nevna noko kan han trekkje fram Pantarei Danseteater, Oslo Danse Ensemble, Emilia Adelöw, I.C.B Produksjoner, «Chess», «Spelemann på taket» og «Billy Elliot». Dette blir hans tredje gong for Bømlo Teater (Evita, norgespremieren og nypremieren for Kristina Frå Duvemåla ). Han har ein pasjon for eit mangfaldig kunstuttrykk, identitet og rettferd.

Anette Stokke er utdanna dansar ved KiHO, og har lang erfaring som dansar og koreograf. For mange er ho kjent frå sine fem sesongar i «Skal vi danse» på TV2, ei konkurranse ho vant saman med Einar Nilsson i 2018. Ho har spelt i framsyningar som mellom anna Kristin Lavransdatter ved Den Nationale Scene, Den Glade Enke på Oslo Nye Teater, West Side Story ved Kilden Teater- og konserthus og På lokalet ved Sogn og Fjordane Teater, og Juleevangeliet – the smash s(hit) musikal ved Nye Hjorten Teater. Anette har dansa og koreografert i fleire film- og TV-produksjonar blant anna som med-koreograf og spelte i tv-musikalen En får være som en er på TV2 og i Peer Gynt ensemblet i Grieg minutt for minutt på NRK. Det er andre gong Anette gjestar Bømlo Teater.

📸Peter Tubaas / Grethe Nygaard