Jonas Hoff Oftebro klar for «I slik ei natt»

Det er ei gleda for Bømlo Teater å meddele at Jonas Hoff Oftebro skal gjera rolla som Kong Olav Haraldsson i årets Mostraspel – I slik ei natt med manus av Svein Tindberg og musikk av Kjetil Bjerkestrand. Dette er fyrste gong Jonas besøkjer Bømlo Teater.

Jonas er utdanna ved Khio (Kunsthøgskolen i Oslo). Han har jobba på Nationaltheateret i Oslo frå 2021 – 2023.

Oftebro har sidan han var ung, gjort ein rekkje filmar deriblant. «Olsenbanden Jr.», «Bølgen», «Skjelvet» og «Børning».

Akkurat no spelar han i «Lang dags ferd mot natt» på Oslo Nye Teater saman med far Nils Ole Oftebro, mor Anette Hoff og bror Jakob Oftebro, som og vert sett opp ekstra i september og oktober. Videre blir han å sjå på Folketeateret som «Peter» i musikalen Jesus Christ Superstar og i serien «The Name of Love» som kjem i løpet av 2024.

Dette er fyrste gong Oftebro har rolle i eit historisk spel, og då er det jo fint at det er på sjølve nasjonaljubileet  for Moster 2024. Ekstra gøy er det og at far hans spela rolla som Tangbrand i Mostraspelet «Kristkongane på Moster» i 2010. 

Bømlo Teater ser verkeleg fram til samarbeidet med Jonas – og ynskjer han velkommen til oss.

Framsyningar torsdag 30.05 (ekstra) og søndag 02.06 (utseld) i Moster Amfi.

Billettar finn du her!