Håkon Kvarven Paulsen er klar for «I slik ei natt»

Det er ei gleda for Bømlo Teater å meddele at Håkon Kvarven Paulsen skal gjera rolla som Tore Hund i årets Mostraspel – I slik ei natt med manus av Svein Tindberg og musikk av Kjetil Bjerkestrand.

Håkon er bømling og har vore èin del av Bømlo Teater dei siste åra. Han har vore med i blant anna «I slik ei natt», «Vandreteater på Vetahaugen», Marvin i «Jul i Svingen» og sist Arvid i «Kristina frå Duvemåla» i 2021 og 2023.

Håkon er nylig utdanna ved Bårdar Akademiet og har under utdanninga gjort ei rekke forestillingar, som «into the Woods», «Urinetown», «Les Misérables» og «Mamma Mia».

Regissør Nina Sele er på jakt etter å tydeleggjere Tore Hund sine kvaler og det etiske dilemma han står ovanfor. Me trur ein såpass ung Tore Hund vil få ein ny nyanse i rolla.

Bømlo Teater ser verkeleg fram til samarbeidet med Håkon – og ynskjer han velkommen tilbake til oss.

Framsyningar torsdag 30.05 (ekstra) og søndag 02.06 (utseld) i Moster Amfi.