Frøy Hovland Holtbakk er vår Maria!

Me har gleda av å presentere vår Maria Rainer i The Sound of Music, Frøy Hovland Holtbakk!
Foto: Sara O. Sanderun

Maria Rainer er ei ung kvinne på leit etter sin eigen identitet. Ho er novise i klosteret, men finn seg ikke til rette blant nonnene. 

Abbedissen rår ho til å ta arbeid som guvernante for Kaptein Von Trapp sine sju mor-lause ungar, og det utviklar seg eit nært forhold mellom ho og familien. 

Frøy Hovland Holtbakk er ein norsk lyrisk sopran frå Skurdalen i øvre Hallingdal. Ho er for tida tilsett på en åremålskontrakt ved Den Norske Opera & Ballett og har så langt denne sesongen sunge roller som Solveig i Peer Gynt, Stasi i Czardasfyrstinnen og nyleg debutert som Grete i Hans & Grete av Engelbert Humberdinck.

Frøy vart ferdig utdanna ved Operaakademiet i København i 2019, med Susanna Eken som lærar, og har tidlegare ein bachelor i klassisk song fra Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo. 
Ho har og ei brei bakgrunn innan teater og musikal, med studiar ved Bårdar Akademiet og Romerike Folkehøgskole.

I 2017 debuterte ho som Papagena i Tryllefløyten ved Den Kongelige Opera i København, der ho seinare var engasjert i roller som Ida i Flaggermusen , En blomsterpike i Parsifal og Frasquita i Carmen. Frasquita vart og hennar debut i Tyskland i 2020 ved Oper Frankfurt. Vinteren 2021 song ho Servilia i La Clemenza di Tito med Bergen Nasjonale Opera. 

Frøy var solistpraktikant ved Den Norske Opera & Ballett sesongane 21/22 og 22/23, og ho debutere på huset hausten 2021 som Lauretta i Gianni Schicchi

Bømlo Teater ynskjer Frøy varmt velkomen til oss og Moster Amfi!

Premiere 6. august i Moster Amfi!

Billettar finn du her!

Om produksjonen

6.-16. august 2025 vil ein igjen kunne oppleve stort ensemble og eit orkester på 13 mann, i amfiet. Med kjent blanding av profesjonelle og amatørar vil Bømlo Teater framføre ein av dei mest kjende musikalane i verda. For første gong i storstilt uteversjon og med ny nynorsk omsetjing. 

Musikalen av Richard Rogers og Oscar Hammerstein vart skriven og framført første gong i 1959 og har etter det blitt sett opp verda over. The Sound of Music vart for alvor kjend gjennom filmatiseringa med Julie Andrews og Christopher Plummer i 1965.

Me skal tilbake til slutten av 1930-talet, og eit uroleg Europa; von Trapp familien treng ei guvernante til sju morlause ungar, og den livlege og songglade novisa Maria, som passar svært dårleg inn i nonneklosteret ho har teke eid i, tek på seg oppgåva. Historia speler ut både det personlege og relasjonelle, og tek òg for seg dei store samfunns-politiske linjene, med nazismen som eit mørkt bakteppe.

Musikken er storslått, med mange kjende og kjære songar som til dømes «Edelweiss», «Do Re Mi» og «Climb Every Mountain».

Kunstnerisk leiing:

Regi: Jostein Kirkeby-Garstad

Musikalsk ansvarleg: Gunvald Ottesen

Koreograf: Gard Hjertaas Bjørnson

Scenografi og kostymedesign: Gjermund Andresen

Omsetjing: Runa Våga Krukhaug