Georg Von Trapp er marineoffiser, far til sju, mor-lause ungar og han styrer hushaldninga med streng militær disiplin. Når han får tilbod om ei stilling i den tyske marinen, blir motstanden hans mot den nazistiske idéologien sett på prøve.
Preben Hodneland, skodespelar frå Nordhordaland, er utdanna innan teater og skodespel ved Kunsthøgskolen i Oslo, og ved William Esper Studio i New York og Complete Vocal Academy i København.
Sidan den gong har han vore ein markant skodespelar ved Det Norske Teatret, der han har hatt leiande roller i stykke som Kristin Lavransdotter (Erlend), Hedda Gabler (Eilert Løvborg), Oresteia (Orestes) og Macbeth (Macbeth). Han har òg spelt i fleire filmar og TV-seriar, som Furia, Heksejakt, MAGNUS, Konvoi og Når jeg faller. Han vart nominert til Amanda-prisen for beste mannlege skodespelar og vant The Goddess on the Throne-prisen for rolla si i Når jeg faller.
Preben har vunne fleire prisar for arbeidet sitt, inkludert Hedda-prisen for beste hovudrolle i Raskolnikov (2020) og beste birolle i Book of Mormon (2018). Han har også fått Hadda-prisen for beste birolle i Tid for glede (2022).
Ekstra hyggjeleg er det at Preben har spelt på Bømlo og i Moster amf tidlegare; før han starta utdanning innan teater og song. I 2009 medverka han nemleg i norgespremieren på Miss Saigon.
Med brei erfaring innan teater, film og TV er me glade for å ha Preben med på laget!
Bømlo Teater ynskjer Preben varmt velkomen tilbake til oss!
Premiere 6. august i Moster Amfi!
Billettar finn du her!