Kristina frå Duvemåla

Bømlo Teater gjentek suksessen frå 2021 og kan stolt presentere nypremie på Kristina frå Duvemåla i august 2023!

Innhald på sida

Ein svensk musikal bygd på Vilhelm Mobergs utvandrarepos. 

Av Benny Andersson, Björn Ulvaeus, Lars Rudolfsson

Me er glade for å igjen kunne presentere Kristina frå Duvemåla i Moster Amfi. Fyrste gongen musikalen vart sett opp på ein norsk scene i fullversjon og med norsk tekst var i 2021. Som sist er regi ved Jostein Kirkeby-Garstad og musikalsk leiing ved Gunvald Ottesen. Omsetting er gjort av Runa Våge Krukhaug. Øystein Lund Olafsen er ansvarleg for kor- og sanginnstudering. 

Musikalen skildrar livet til Kristina frå Småland i Sverige på midten av 1800-talet. Det er eit nådelaust liv for fattige bønder, og saman med borna og sitt livs kjærleik, Karl-Oskar sel dei garden og emigrere til USA. Dei slår seg ned i Minnesota, kor livet byr på andre, men like store utfordringar som heime i gamlelandet.

Musikalen innheld kjende songar som mellom anna Ut mot et hav, Vildgräs, Guldet blev till sand og Du måste finnas. Bli meir kjent med musikken og songane på Spotify.

Historia om Kristina er ein hyllest til dei, som ut frå tvingande grunn forlot det kjente og kjære, gjorde den farefulle reisa over havet og laga seg eit nytt liv i eit ukjend land.

Som i tidlegare produksjonar vil det vera full orkesterbesetning, denne gongen med 23 musikarar. På scena vil ein sjå eit ensemble på 70 skodespelarar, ei blanding av profesjonelle og amatørar. I leiande roller får me møte:

Musikalen Kristina från Duvemåla hadde premiere på Malmö Musikteater i Oktober 1995. Den veksla deretter mellom Malmö og Göteborgsoperaen før den fekk sin etterlengta Stockholm-premiere på Cirkus i Februar 1998. I Malmö blei det spelt 194 førestillingar, i Göteborg 125 førestillingar og i Stockholm 352 førestillingar. Over 1 million menneske har sett Kristina från Duvemåla på scenen i Sverige.

Leiande roller

Jannike Kruse – Kristina
André Søfteland – Karl Oskar
Janne J. Kjellevold – Ulrika
Anders Gjønnes – Robert
Espen Hana – Danjel
Elisabeth Moberg – Fina-Kajsa

Ensemble og biroller

Dette er vårt fantastiske ensemble til Kristina frå Duvemåla! 

Orkesteret

Av:

Benny Andersson, Björn Ulvaeus, Lars Rudolfsson

Framsyningsdato:

4. august 2021